Badnajazz: Forfattartreff med Marit O. Kaldhol

laurdag 13. apr - 12:00

Marit O. Kaldhol er festivalforfattar under Falturiltu 2019, men kjem først innom Vossa Jazz for å dele eit knippe av sine sterke og poetiske forteljingar med liten og stor. Sidan ho debuterte med diktboka lattermilde laken i 1983 har ho gjeve ut litteratur for både born, ungdom og vaksne i form av diktsamlingar, bildebøker, forteljingar og romanar.

Bøkene hennar har vorte lansert i minst 15 land, og ho har mottatt Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for bøkene kino og søkeord: ayotzintli og Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen zweet.

Denne tilskipinga er gratis.