Lastar Hendingar

Elina Duni & Rob Luft

  • Denne hending er over.
fredag 12. april

Kl 21:00

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Den sveitsisk-albanske songaren Elina Duni har fått ein stor tilhengjarskare dei siste åra, og det med god grunn. Det musikalske uttrykket hennar femner vidt – her finn ein sterk påverknad frå albansk tradisjonsmusikk, blanda med kontemporær jazz, klassisk, verdsmusikk, indie folk og mykje anna. Det som bind det heile saman er den fantastiske stemma hennar, som er full av subtile nyansar – ekte, ærleg, sårbar og fengslande – på same tid tilbakehalden og utadvendt, kjenslevar og sterk.

Plata Partir (2018) er den tredje utgjevinga hennar på ECM, og den fyrste utan kompet frå Elina Duni Quartet. I duoformat, saman med gitarist Rob Luft, vert uttrykket hennar meir intimt, ope og luft-ig(!) enn tidlegare, noko som framhevar den raude tråden i plata, som er kjærleik, sorg og oppbrot. Samstundes som den sparsommelege besetninga skapar einskap i uttrykket, er dette kanskje hennar mest eklektiske plate til no. Dei tolv låtane er sunge på ni ulike språk, og låtmaterialet femner frå arabisk til jiddisk tradisjonsmusikk, frå Jacques Brel til eigne komposisjonar.

Elina Duni – vokal
Rob Luft – gitar

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.