• Denne hending er over.

Musea dansar

fredag 12. apr - 12:00

I 2019 går startskotet for «Musea danser» – ei treårig vandreutstilling som skal innom åtte museum i heile landet. Første stoppestad vert Voss Folkemuseum med opning under Vossa Jazz.

Den innhaldsrike og mangfaldige danseutstillinga viser fram alt frå passinho frå Brasil til norsk strekkbuksepolka. I tillegg vert det spedd på med lokalt arkivmateriale frå den rikhaldige dansetradisjonen på Voss.