Lastar Hendingar

Real Ones med gjester

  • Denne hending er over.
laurdag 13. april

Kl 23:30

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

I over to tiår har Real Ones imponert, fengja og overbevist på konsertscener og platespelarar i Noreg og internasjonalt. I 1994 heldt bandet sin fyrste konsert i Bergen. Ti album, fire EP’ar, to Spellemannprisar, og nesten 1000 konsertar i 15 land på tre kontinent seinare, er dei fem barndomskameratane framleis like aktuelle, spanande og gnistrande gode saman på scena!

Dei starta som eit reint folkemusikkband, men har stadig utvikla seg og funne nye musikalske veger gjennom pop, folk, americana, rock og verdsmusikk. Sjølv om bandet alltid finn på noko nytt og annleis (som den latinamerikanske messeplata Misa Criolla frå 2014) har dei likevel ein sterk identitet – ein umiskjenneleg sound – som preger alt dei gjer. Dette er også tilfellet med den strålande sisteplata Hey Future, Hey Past frå 2018, som har fått terningane til å trilla varmt i dagspressa. Det friske og varierte albumet vart til under eit opphald i Havana, og er produsert av Matias Tellez (Young Dreams, Thea Hjelmeland, Razika m.fl.).

«Spilleglede, variasjon og musikalsk virtuositet i skjønn forening», konstaterte Einar Engelstad frå BT etter Real Ones sin siste konsert i Bergen. Me kan lova at det vert minst like bra på Voss i april – det er berre å kjøpe billettar og byrja å spekulere på kven desse mystiske gjestane dei skal ha med seg kan vera!

David Chelsom Vogt – fele, vokal, tangentar
Ivar Chelsom Vogt – gitar, vokal, tangentar
Jørgen Sandvik – gitar, vokal
Øystein Skjælaaen – bass
Kåre Opheim – trommer
kjetil Aabø – teknikk
+ hemmelege gjester!

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Real Ones held their first concert in Bergen in 1994. After ten albums, multiple awards and over 1000 concerts in 15 different countries the five childhood friends are still as fresh as ever! Through their career they have evolved from a pure folk ensemble, towards more americana, blues, rock and pop inspired music. Their latest album «Hey Future, Hey Past» was made in Havana, Cuba, and combines south american influences with their trademark folk pop-rock sound. Look out for surprise guests on the stage at Vossa jazz!