Salif Keita

fredag 12. apr - 19:00

«Gullstrupen frå Afrika», Salif Keita frå Mali, kjem til Vossa Jazz! Tilnamnet «The Golden Voice of Africa» viser til to av kjenneteikna hans: Den store, mektige stemma, og albinismen som preger utsjånaden hans. Medan det sistnemde har vore ei utfordring (han vart utstøtt av familien og lokalsamfunnet p.g.a. hudfargen sin) har den store stemma vorte redninga for Salif Keita. Tidleg på 1970-talet vart han med i gruppa Les Ambassadeurs i hovudstaden Bamako – ei gruppe som fekk mykje merksemd på den internasjonale musikkscena. Det fyrste soloalbumet Soro frå 1987 vart ein stor suksess og ei sentral utgjeving innan verdsmusikk-boom’en på seint 80-tal.

Sidan då har han blant anna samarbeida med artistar som Joe Zawinul, Carlos Santana, Cesaria Evora, Wayne Shorter, Ibrahim Maalouf og Esperanza Spalding. Han har òg prega moderne klubbmusikk, ved å ha vorte remiksa av mellom andre Luciano og Funk Mob.

Det siste albumet hans, Un autre blanc (2018), er ei politisk slagkraftig plate om det å vera annleis, som blandar vestafrikanske musikktradisjonar, high life-jazz og moderne vestleg påverking på ein meisterleg måte.

Då Salif Keita vitja Vossa Jazz i 1993 vart konserten både blant publikum og hjå pressa omtala som ein “konge-konsert”. Me ser fram til opningskonserten til Vossa Jazz 2019!

Salif Keita
Bah Kouyate
Djessou Mory Kante
Mamadou Diabate
Onane Lydie Zamati
Molobaly Kone
Cisse Abou
Adonaide Bohui
Oumarou Diarra
Modibo Sissoko

English:
Salif Keita from Mali, dubbed “The Golden Voice Of Africa”, visits Vossa Jazz! The man with the powerful voice began his long career in the Bamako based group Les Ambassadeurs in the early seventies. His first solo album “Soro” was a big success, and a central release in the world music boom in the eighties. Since then he has collaborated with artists such as Joe Zawinul, Carlos Santana, Cesaria Evora, Wayne Shorter, Ibrahim Maalouf and Esperanza Spalding.