Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Kulturvandring

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss

Kulturvandring med Eirik Helleve, frå Vangskyrkja til Voss folkemuseum på Mølster!

Jazznytt 18

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

Velkomen til salongklubben Jazznytt 18.

Badnajazzparade

Torget Vangsgata 28, Voss

Store og små er hjarteleg velkomne til å vera med, og du kan ta med instrument om du vil. Saman med aspirantane, juniorane og drilljentene til Voss skulemusikk og paradebandet  […]

Griegakademiet: Masseh

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

"Masseh" heiter bandet – dette er jazzstjernene av i morgon! Dei kjem frå jazzlina på Griegakademiet i Bergen, og har eit unikt mangfald av referansar og bakgrunnar, noko som fører til spanande og uventa musikalske vendingar.

Badnajazz: «Kashakas & Klikkerter»

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Per, Daiyen og Audun er tre nysgjerrige supermusikarar som lett let seg av fascinera av nye lydar og instrument – som 'klikkerter' og 'kashakas'!

Superjazz med The Brazz Brothers og Supergruppo

Scandic Voss Evangervegen 1a, Voss

Jazzsjangeren tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz’en – med Brazz Brothers og Supergruppo i spissen – lever verkeleg opp til desse grunnverdiane!  

Joakim Rainer Trio

Mølstertunet Mølstervegen 143, Voss

Joakim Rainer trio – vinnaren av Jazzintro 2022 – kjem til Vossa Jazz 2023!

Sinikka Langeland

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Sinikka har djup interesse for naturmystikk, og i Jon Fosse sin lyrikk finn ho ord og tankar som resonnerer med dette. Med folkemusikk som grunnlag lar ho ensemblet få stor fridom.

Landslaget for spelemenn

Voss idrettshall Idrottsvegen 13, Voss

100 år med folkemusikk på 90 minutt!

Voss folkehøgskule

Scandic Voss Evangervegen 1a, Voss

Musikk som oppmodar til energi, speleglede og godt humør!

Undergrünnen – utekonsert ved Gamlekinoen

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Undergrünnen spelar det dei sjølv kallar «jungelkraut»: Ei form for psykedelisk garasjerock med inspirasjon frå steppene i Afrika og tyske krautrock-klubbar.

Ein veg – Ei reise med Bergensbanen

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss

Bli med forfattar Dag Helleve, musikar Marius Klovning og det strålande bandet på ei reise med Bergensbanen i tekst og musikk!

Nana Rashid

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Ærleg og ope, med trua på at musikk kan hjelpa oss å gjenfinna det djupt menneskelege – Nana Rashid lagar musikk om banda som held menneske saman.

Vozzakveld med Voss storband, Kolve, Brunborg og Dale

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

I høve 50-års-feiringa vår samlar Voss Storband nokre av dei finaste og viktigaste jazzmusikarane som har vore medlemmer, eller som har teke del i utviklinga til bandet gjennom åra: Ivar Kolve, Tore Brunborg, Øyvind Dale og Kåre Kolve deltek alle med sjølvskriven storbandmusikk!

Badnajazz: Sigrid Moldestad: Regndråpeborna og andre dyr

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss

I “Regndråpeborna og andre dyr” får små og store bli kjend med både regndråpeborna, grashoppa med grashoppefela, snigelen som sykla og kråka med alle dei skumle kråketankane...

Oddrun Lilja: Tingingsverket I

Voss idrettshall Idrottsvegen 13, Voss

Gitarist og komponist Oddrun Lilja lagar Tingingsverket til jubileumsfestivalen!

Gi Jazz – Eides språkguide til Jazzen

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Saman med pianist Sjur Hjeltnes, og musikalske gjester, gir Linda Eide oss jazzhistoria fortalt gjennom jazzens mange uttrykk og begrep.

Bare Egil Spellemannslag

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss

Her skal Egil kveda og syngja låtane sine til akkompagnement av felegnikk og folkemusikalske vendingar frå nokre av dei aller beste tradisjonsmusikarane i landet!

The Source of Voss

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

The Source feirar 30-års jubileum på Vossa Jazz 50!

Ingrid Jasmin

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

Ingrid Jasmin vakte oppsikt med debutsingelen 'Pilgrim' i 2021. Dette var noko utanom det vanlege på den norske musikkscena: Ei elektro-akustisk blanding av norsk folkemusikk og flamenco, med nydeleg, eigenarta stemme og ein dose pop-sensibilitet!

Bushman`s Revenge

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss

Jazz for dei som likar jazz og elskar rock!

Angrusori

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Ved roret av Angrusori finn me multi-prisvinnande samtidskomponist og organist Nils Henrik Asheim, som i tospann med den tsjekkiske fiolinisten, songaren og komponisten Iva Bittová har rekomponert og omarbeida romsonger i retning samtidsmusikk og improvisasjon.

Hannah Storm

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss

Med tidlaus og ektefølt poppa indierock av beste merke ligg vegen til stjernehimmelen vid open for Hannah Storm – og heldigvis går turen innom Vossa Jazz i vår!

Trichotomy

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

Den banebrytande jazztrioen har utvikla eit unikt sound saman, bygd på fritt og leikent samspel, sofistikerte, melodiske detaljar og tematiske krumspring.

Sondre Lerche

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss

Sondre Lerche kjem til Vossa Jazz 2023!