This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Nana Rashid
Danske Nana Rashid kjem til Vossa Jazz!
Ærleg og ope, med trua på at musikk kan hjelpa oss å finna att det djupt menneskelege – Nana Rashid lagar musikk om banda som held menneske saman.
Med nytt perspektiv på gamle jazzgrep syng ho seg inn i samtida. Songar om nattas melankoli og den vanskelege kjærleiken, og om det å vera kvinne og alt som følgjer med av forventningar.
Meldarar har omtalt Nana som eit bevis på at det fortsatt finst store og uoppdaga talent på den nordiske jazzscena. Ein artist med ei fantastisk stemme og ei tilnærming til musikken som er både naken, sårbar og sterk.
Albumet «Music for Betty» kjem ut 14. april 2023. Hovudtemaet til plate er ukompromissøs sjølvaksept. Å akseptere seg sjølv med alt det vi inneheld – òg det skamfulle: sårbarheit, einsemd og lengten etter å høyre til i ei tid der det er så mange grunnar til å føla seg åleine.
Medverkande:
Nana Rashid – vokal
Benjamin Nørholm Jacobsen – piano
Martin Brunbjerg – kontrabass
Lasse Jacobsen – trommer