Lastar Hendingar

Angrusori

laurdag 1. april

Kl 22:30

I 2016 gjekk medlemmar frå Kitchen Orchestra og ei gruppe slovakiske musikarar i gang med å utforska spelerommet mellom gamle migrasjonssongar frå romtradisjonen og det meir eksperimentelle og improvisasjonsbaserte samtidssegmentet. Ensemblet kallar seg «Angrusori» etter romuttrykket for «ring», og har no i fleire år jobba med å utvikla og raffinera nye hybride former for rommusikk.

Debutplata «Live at Tou» – spelt inn på Touloftet i 2017 – har høsta fantastiske omtalar både nasjonalt og internasjonalt. Inkludert fire stjerner i The Guardian (“contemporary album of the month”) og terningkast 6 i Stavanger Aftenblad, i tillegg til rosande omtalar i The Wire «mesmerizing and moving» og full pott og «significant» i italienske Il Manifesto.

Ved roret av Angrusori finn me multi-prisvinnande samtidskomponist og organist Nils Henrik Asheim, som i tospann med den tsjekkiske fiolinisten, songaren og komponisten Iva Bittová har rekomponert og omarbeida romsongar i retning samtidsmusikk og improvisasjon.

Angrusori byr på ein estetikk rik på fargar og stemningar – ein musikk som gjev nytt håp for solidaritet og medmenneskelegdom, og viser kva som skjer når ein tør å kryssa grenser.

Medverkande:
Iva Bittová – komponist, fiolin, vokal
Nils Henrik Asheim – komponist, orgel, orkersterleiar
Signe Irene Time – vokal
Marcela Dreveňáková – vokal
Jozef Dreveňák – vokal, gitar
Gjertrud Økland – fiolin
Patrik Žiga – fiolin
Roman Harvan – cello
Petter Frost Fadnes – saksofonar
Johan Egdetveit – accordion
Ivar Myrset Asheim – trommer, perkusjon