Lastar Hendingar

Ein veg – Ei reise med Bergensbanen

  • Denne hending er over.
laurdag 1. april

Kl 14:00

Bli med forfattar Dag Helleve, musikar Marius Klovning og det strålande bandet på ei reise med Bergensbanen i tekst og musikk!

Prosjektet tek for seg utvalde delar av historia til togstrekkninga mellom Voss og Oslo samt refleksjonar og naturskildringar på vegen. Musikken er skriven av Klovning og vert framført saman med musikarane Jakob Eri Myhre, Bjørnar Kaldefoss Tveite og Mats Mæland Jensen. Dette prosjektet er ein del av mastergradsutdanninga til Klovning ved Norges Musikkhøgskole og vart framført for første gong på Voss Jazzklubb 26. september 2020.

Frå avisa Hordaland sin konsertomtale:
“Teksten er lun og stemningsfull. Humoristisk og alvorleg på same tid. Saman finn forfattaren og musikarane tonen. Det er tid for refleksjon og ettertanke. Togkupeen er verkeleg ein stad å drøyme seg vekk”

Dag Helleve – tekst
Marius Klovning – gitar og komposisjonar
Jakob Eri Myhre – trompet
Bjørnar Kaldefoss Tveite – kontrabass
Mats Mæland Jensen – trommer