Lastar Hendingar

Kulturvandring

laurdag 1. april

Kl 11:00

Kulturvandring med Eirik Helleve, frå Vangskyrkja til Voss folkemuseum på Mølster!

Undervegs vert det fleire innlagde stopp, der de får høyra utvalde godbitar frå den lokale kulturhistoria. Det handlar om framveksten av Vangen, om omfattande alkoholservering, og om mykje anna lokalhistorisk snadder! På Voss folkemuseum vert det omvising i utstillinga «Vossa Jazz 50 år» og konsert med Joakim Rainer Trio (konserten er inkludert i billetten).