Lastar Hendingar
Foto Oda Berby

Badnajazz: Aina Basso

laurdag 1. april

Kl 11:30

Aina Basso (f. 1979) vitjar Vossa Jazz i samarbeid med den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu!

Basso er utdanna historikar og debuterte litterært i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Seinare har ho skrive ei rekkje spanande historiske romanar og sakprosa, for både ungdom og vaksne. For Inn i elden vart ho nominert til Brageprisen i 2012, og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho vart tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010), og for Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 fekk ho tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin, og var festspeldiktar på Festspela i Ørsta og Volda.

Ho har turnert landet rundt med spanande formidlingar.