Lastar Hendingar
Foto Marthe Amanda Vannebo

Bushman`s Revenge

  • Denne hending er over.
laurdag 1. april

Kl 22:30

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


Bushman’s Revenge feirar 20 år med ny plate og Vossa Jazz-besøk!

Jazz for dei som likar jazz og elskar rock! I 20 år har Bushman’s Revenge revitalisert det stadig like raudglødande brennpunktet mellom rock og jazz. I 2023 kjem den ellevte plata til bandet som har vorte omtala som «ein «missing-link» mellom Albert Ayler og Black Sabbath», «Marshall-forsterkarversjon av John Coltrane» og «jazz slik Hendrix ville gjort det»!

Etter tjue (!) år med samspel har dei oppnådd ein musikalsk kommunikasjon og ei dynamisk djupn som er heilt unik. Adresseavisen skreiv at ”Musikerne har en kjemi seg imellom som gjør at de spiller med en nærmest telepatisk forståelse for hverandre”.

Bushman’s Revenge vitja Vossa Jazz sist i 2017 – no er det på høg tid at me får den energiske trioen på besøk igjen!

Even Helte Hermansen – gitar
Rune Nergaard – bass
Gard Nilssen – trommer

English:
Jazz for rock lovers! For twenty years Bushman´s Revenge has revitalised the everlasting molting middle between rock and jazz, and their 11th album is released this year, described as the missing link between Albert Ayler and Black Sabbath – the Marshall amplifier version of John Coltrane or jazz á la Hendrix, if you like. Their musical communication and dynamic depths are unique, often sited as seemingly telepathic from an audience´s point of view. If jazz can be called progressive, so can rock. We guess that´s why they call it prog rock.


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.