Lastar Hendingar
Foto Markus Ravik

Trichotomy

laurdag 1. april

Kl TBA

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


Australsk pianotrio til Vossa Jazz!

Den banebrytande jazztrioen har 20 år med samspel bak seg, og ei rekke strålande album på det britiske plateselskapet NAIM. Dei har utvikla eit unikt sound saman, bygd på fritt og leikent samspel, sofistikerte, melodiske detaljar og tematiske krumspring.

No kjem dei endeleg på Europa-turné igjen, med splitter ny musikk i bagasjen. Albumet TO VANISH kjem ut nokre veker før festivalen, og denne gongen blandar dei akustiske og elektroniske element saumlaust saman, i ei nysgjerrig og kreativ utforsking av trioformatet sine mogelegheiter.

 

Medverkande:
Sean Foran – piano, elektronikk
John Parker – trommer, elektronikk
Samuel Vincent – bass, elektronikk

 

English:

The trailblazing jazz trio has 20 years of collaboration behind them, and a number of brilliant albums on the British record label NAIM. They have developed a unique sound based on free and playful interaction, sophisticated melodic details and thematic twists and turns.

Now they are finally touring Europe again, with new music in their luggage. The album TO VANISH will be released a few weeks before the festival, and this time they seamlessly blend acoustic and electronic elements in a curious and creative exploration of the possibilities of the trio format.


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.