This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


The Source
Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
The Source feirar 30-års jubileum på Vossa Jazz 50!
Sidan dei gav ut debutalbumet «Olemanns Kornett» i 1994 har The Source vore ein viktig institusjon i norsk jazz- og musikkliv. Dei har no gjeve ut sju album, reist land og strand, turnert som kvartett, med strykekvartettar, kammerorkestre, musikarar frå Egypt, India, Bulgaria, ja til og med Noreg, bandet Motorpsycho, diktarar, poetar, skøyteløparar og ishockeylag!
Musikken spenner vidt: Den svingar, engasjerer, loddar djupt, flyg høgt og byr alltid på overraskingar, ispedd ein god dose humor. Dei er kjende for sine legendariske jolekonsertar, og dei har hatt «The Source: of Summer» på Nathionalteatret. No kjem dei til Vossa Jazz og feirar jubileum med oss!
Medverkande:
Øyvind Brække – trombone
Trygve Seim – saksofonar
Mats Eilertsen – kontrabass
Per Oddvar Johansen – trommer
Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.