Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
Ingrid Jasmin vakte oppsikt med debutsingelen «Pilgrim» i 2021. Dette var noko utanom det vanlege på den norske musikkscena: Ei elektro-akustisk blanding av norsk folkemusikk og flamenco, med nydeleg, eigenarta stemme og ein dose pop-sensibilitet!
Hausten 2022 slapp ho debutalbumet «Luna» til strålande omtalar og femmar i Aftenposten, under overskrifta «Nydeleg stemmeprakt». Med seg på plata har ho eit stjernelag av musikarar og produsentar: Mathias Eick, Eyolf Dale og Tuva Færden med fleire.
Den unge, talentfulle songaren vaks opp omgjeven av folkemusikk i Telemark, men har samstundes dyrka røtene sine i den spansktalande verda. Ho har budd fleire år på Cuba og i Spania, der ho har gått djupt inn i den tradisjonelle musikken. Den uvanlege blandinga av av norsk og spansk tradisjonsmusikk ser kanskje merkeleg ut på papiret, men Ingrid Jasmin har stemma, kunnskapen og musikaliteten som får det til å fungera heilt fantastisk – berre høyr på plata!
Sjølv om ho er eit nytt namn i musikk-Norge, er ho allereie på radaren til festivalane. Releasekonserten for «Luna» vart spelt på ei utseld Nasjonal Jazzscene under Oslo World, og hausta glitrande kritikk. Dagsavisen omtalte det som «en sikker og følelsesladet oppvisning fra en artist som åpenbart er født for scenen, som behersker publikums minste vink og som er i ett med sine dedikerte musikere.»
English:
An electro-acoustic blend of Norwegian folk music and flamenco with a stand-out voice and pop sensibility! The young, talented singer grew up surrounded by traditional folk music in county Telemark, but alongside she nurtured her roots in the Latin speaking parts of the world and their musical ancestry. She has lived several years in Cuba and Spain, where she has dug in to the musical ground. The unusual Norwegian-Latin mix may sound strange, but with her voice, knowledge and musicality it works like a dream.
Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.