Lastar Hendingar
Undergrunnen
Undergrunnen

Undergrünnen – utekonsert ved Gamlekinoen

  • Denne hending er over.
laurdag 1. april

Kl 14:00

Undergrünnen er Haugesund si eiga supergruppe, med medlemmer frå band som The Low Frequency in Stereo, Lumen Drones og Wünderkammer. Det sjølvtitulerte debutalbumet deira fekk strålande omtalar, og på tampen av året hanka dei inn ein Spellemann-nominasjon i rock-kategorien for albumet.

Dei fulgte opp suksessen med «Ein revnande likegyldighet» i 2020, der dei gjekk endå lenger når det gjeld frekk produksjon og skarp låtskriving. Ei rytmisk reise i hoftevrikkande, uklassifiserbar jungelkrautrock! Dagbladet konstaterte at «Villere blir det ikke», og dagsavisen meinte at plata var «et under, i grunnen».

Undergrünnen spelar det dei sjølv kallar «jungelkraut»: Ei form for psykedelisk garasjerock med inspirasjon frå steppene i Afrika og tyske krautrock-klubbar. Dei lét litt som ei blanding av to andre Vossa Jazz-yndlingar: Svenske Dungen og afrobeat-kongen Tony Allen. Med eit primitivt driv og ein eksplosiv energi er dei det fødte live-band – ein skikkeleg musikalsk knyttneve!

Medverkande:
Svein Olav Herstad – slagverk, orgel
Pål Jackman – gitar, vokal
Per Steinar Lie – bassgitar
Morten Jackman – trommer