Lastar Hendingar

Badnajazz: Sigrid Moldestad: Regndråpeborna og andre dyr

laurdag 1. april

Kl 16:00

Sigrid kjem Moldestad til Vossa Jazz med plateslepp og familiekonsert!

I “Regndråpeborna og andre dyr” får små og store bli kjend med både regndråpeborna, grashoppa med grashoppefela, snigelen som sykla og kråka med alle dei skumle kråketankane…

Bak den regnvåte tittelen finn me eit nytt møte mellom Sigrid Moldestad sin musikk og diktaren Jan-Magnus Bruheim (1915-1988) sine tekstar. Sist gong var med den kritikarroste plata “Brevet til kjærleiken” frå 2014. Denne gong er det barnedikta til Bruheim som har fått nytt liv.

“Eg har tenkt på barnedikta sidan den gong. Han hadde ei eiga evne til å sjå verda frå barn sitt nivå. Me blir med ned i graset og opp i skyene. Det er fantasi og detaljar, men også ettertanke i mykje av det han skreiv. Tema som utanforskap og miljøkamp går att i fleire av dikta hans. At dei fortjente eit eige prosjekt er sikkert, og eg er veldig stolt av å presentere både konserten og eit splitter nytt familiealbum til Vossa Jazz” seier Moldestad.

Musikken hadde urpremiere på Førdefestivalen sommaren 2022 og var eit samarbeid bestilt av Førdefestivalen, Falturiltu og Vossa Jazz. No har Sigrid Moldestad og musikarane leikt seg i studio med produsentane Yngve L. Sætre og Iver Sandøy og spelt inn alle dei nye songane – albumet kjem ut 24. mars, på Grappa Musikkforlag.

 

Medverkande:
Sigrid Moldestad – vokal, feler, ukulele
Jørgen Sandvik – strengeinstrument og vokal
Sondre Meisfjord – bass og vokal
Kåre Opheim – trommer og vokal
Kjetil Aabø – lydteknikk
Elevar frå Gullfjordungen skule