Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
Pandemien sette ein stoppar for denne konserten i 2020, men no har me endeleg fått Bare Egil Spellemannslag på plakaten igjen!
Bare Egil Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar kring den humoristiske visekongen Egil Hegerberg. Frå før har han variantar som Bare Egil Band (berre Egil, åleine med gitaren), Ikke Bare Bare Egil Band Band («berre» Egil med fullt backingband) og Bare Bare Band (der berre backingbandet spelar instrumentalversjonar av Egil sin musikk).
Bare Egil Spellemannslag er den mest rotnorske og tradisjonsklingande konstellasjonen hittil. Her skal Egil kveda og syngja låtane sine til akkompagnement av felegnikk og folkemusikalske vendingar frå nokre av dei aller beste tradisjonsmusikarane i landet. Ikkje bli overraska om praten mellom låtane føregår på «tulletelemarksdialekt»!
«Bare Egil har kledd opp låtkatalogen sin i bunad og beltestakk, og det høres rett og slett veldig bra ut», skreiv Ballade.no sin meldar etter ein heidundrande konsert med Bare Egil Spellemannslag hausten 2019, under tittelen «Hverdagssurrealisme i kledelig folkedrakt».
Egil Hegerberg – vokal
Roald Kaldestad – gitar, mandolin
Tuva Syvertsen – fele, hardingfele
Erik Sollid – fele, hardingfele
Gjermund Silset – kontrabass
Frode Haltli – trekkspel
English:
Bare Egil Spellemannslag is the latest addition to the absurd band flora surrounding the humorous balladeer Egil Hegerberg. Previously, he had variations like the Bare Egil Band (just Egil, alone with the guitar), the Not Just Bare Egil Band Band (just Egil with a full backing band), and the Bare Bare Band (where only the backing band plays instrumental versions of Egil’s music).
Bare Egil Spellemannslag is the most rooted-in-Norwegian and traditional-sounding constellation yet. Here, Egil will croon and sing his songs to accompaniment of fiddle and folk music flourishes from some of the best traditional musicians in the country. Don’t be surprised if the talk between the songs is in «silly Telemark dialect»!
«Bare Egil has dressed up his song catalogue in bunad and belted waistcoat, and it simply sounds very good,» wrote Ballade.no’s reporter after an astounding concert with Bare Egil Spellemannslag in the autumn of 2019, under the title «Everyday Surrealism in Fashionable Folk Dress.»
Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.