Lastar Hendingar
Foto Hilde Solli

Sondre Lerche

  • Denne hending er over.
laurdag 1. april

Kl 23:59

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


Sondre Lerche kjem til Vossa Jazz 2023!

Etter hektiske turnear i Europa og Amerika, og sagnomsuste liveshow på fleire av landets største sommarfestivalar, gjer Lerche berre eit knippe eksklusive konsertar i 2023 – og éin av dei er på Vossa Jazz.

Sisteplata hans – «Avatars Of Love» – er ei av 2022-årets mest elska, ambisiøse og kritikarroste plater. Dobbeltalbumet mottok eit ras av seksarar og strålande omtalar då det kom, frå mellom andre VG, Bergens Tidende og Dagsavisen. NRK utropte plata til «et av tidenes beste norske album», og Klassekampen meinte at dette er «Sondre Lerches mesterverk. Dagens Næringsliv konstaterte at «Sondre Lerche er nå på høyde med de største».

Me er heilt samde i alle lovorda, og me gler oss stort til å sjå og høyra den energiske og melodiøse bergensaren på Vossa Jazz!

Sondre Lerche – vokal, gitar
Alexander Von Mehren – tangentar
Chris Holm – bass
Selma French Bolstad – fele, vokal
David Heilman – trommer
Michael Bjørnaali – lyd

 

English:
After busy tours in Europe and America, and renowned live shows at several of the country’s largest summer festivals, Lerche will only be performing a select number of exclusive concerts in 2023 – one of which is at Vossa Jazz!

His latest album, «Avatars Of Love,» is one of the most beloved, ambitious, and critically acclaimed records of the year. The double album received a flurry of glowing reviews when it was released in the spring, from the likes of VG, Bergens Tidende, and Dagsavisen. NRK declared the album «one of the best Norwegian albums of all time,» and Klassekampen called it «Sondre Lerche’s masterpiece.» Dagens Næringsliv stated that «Sondre Lerche is now at the level of the greatest.»

We completely agree with all the praise and are thrilled to see and hear the energetic and melodic musician from Bergen at Vossa Jazz!


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.