
Jazznytt18 – Audun Vinger i samtale med komponistar på festivalen
Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, VossVelkomen til salongklubben Jazznytt18
Velkomen til salongklubben Jazznytt18
Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet der det undervegs vert passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria.
Små og store er hjarteleg velkomne til å vera med, og du kan ta med instrument om du vil.
Terje Torkildsen er festivalforfattar på Falturiltu 2022
Voss sin eigen Marius Klovning fyller Finnesloftet med klangen av sitkagran, mahogny og stålstrengar!
Her er det duka for eit uhyre tett og dynamisk samspel med både improvisasjon, uventa vendingar og gjennomarbeida komposisjonar.
Kva var det eigentleg som skjedde i svensk jazz på 70-talet som gjorde at den beste musikken var barne-TV-jazzen?
«Bergen har Varg Veum, Voss har Agnes Tveit»
Dei veletablerte felespelarane Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers samarbeider for fyrste gong i eit nytt tingingsverk – for Vossa Jazz 2022!
Dette vert garantert ei stor oppleving for alle frijazzfrelste!
Saksofonist Trygve Seim og Ståle Storløkken på kyrkjeorgel slår seg saman med unge solistar frå Voss kulturskule, under leiing av Ingrid Langen Fjose, for ei storstilt framføring av Andrew Smith sitt Requiem frå 2012, som vart skrive til minne om ofra på Utøya.
Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg og originalkomposisjonar av Raknes og Carstensen: Ei salig blanding av kortreiste og langreiste toner frå amerikanske jukeboksar, landskappleik og buskspel, jazzklubb og bluesbule, katedral og høgfjell!
Det er duka for eit toppa, bergensk stjernelag på Vossa Jazz 2022!
Andreas Ulvo leverer Tingingsverket Vindall til Vossa Jazz 2022!
Sheila Jordan har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar frå ei lang og omfangsrik karrière.
Bandet har sitt særpreg ved at musikarane har fordjupa seg i kvart sitt område i jazzen. I musikken møtest dei og skapar eit lyrisk kammermusikalsk uttrykk som blandar post bop, gypsy- og nordisk jazz.
Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er gjerne forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på.
Når Andreas Røysum samlar sine beste vener og favorittmusikarar i Andreas Røysum Ensemble vert fascinasjonen hans for tradisjonsmusikk frå Asia og Afrika blanda med elden og språket frå den ekspressive jazzen og den moderne vestlege noterte musikken sin utstrekte formsans.
Med røter i jazz og med eit ynskje om å eksperimentera utover i eit elektronisk, punkete rockelandskap, let Cloroform som ingen andre band. Kontrabass, trommer og clavinet med full turbo og eit skyhøgt energinivå.
Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Terje Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar med erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.
Mikrotonale melodiar og modal improvisasjon!
Kvartetten The Absolute Pinnacle of Human Achievement er spesiallaga for framføring av Zeeberg sitt personlege og djupt eklektiske repertoar, som omfattar alt frå ragtime til fri impro og metal!
Etter mange år som utøvande musikar har saksofonist Kåre Kolve no vendt blikket til si eiga ungdomstid, 80-talet og den musikken som gjorde at han byrja å spela saksofon. Me snakkar groovy, funky og fengande musikk i skjæringspunktet mellom jazz, funk, pop og prog.
Med ei vinnande blanding av samisk tradisjonsmusikk, dansbare synth-melodiar, fengande popvendingar og hardtslåande tekstar har ISÁK truffe ei nerve blant samfunnsengasjerte og musikkelskarar.