Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

LUX: Seim og Storløkken med solistar frå Voss kulturskule

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss

Saksofonist Trygve Seim og Ståle Storløkken på kyrkjeorgel slår seg saman med unge solistar frå Voss kulturskule, under leiing av Ingrid Langen Fjose, for ei storstilt framføring av Andrew Smith sitt Requiem frå 2012, som vart skrive til minne om ofra på Utøya.

Kjartan Fløgstad Band

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg og originalkomposisjonar av Raknes og Carstensen: Ei salig blanding av kortreiste og langreiste toner frå amerikanske jukeboksar, landskappleik og buskspel, jazzklubb og bluesbule, katedral og høgfjell!

Sheila Jordan & Cameron Brown

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Sheila Jordan har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar frå ei lang og omfangsrik karrière.

Jazzintro: Munch Trio

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Bandet har sitt særpreg ved at musikarane har fordjupa seg i kvart sitt område i jazzen. I musikken møtest dei og skapar eit lyrisk kammermusikalsk uttrykk som blandar post bop, gypsy- og nordisk jazz.

Jazzintro: Bento Box

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er gjerne forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på.

Andreas Røysum Ensemble

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

Når Andreas Røysum samlar sine beste vener og favorittmusikarar i Andreas Røysum Ensemble vert fascinasjonen hans for tradisjonsmusikk frå Asia og Afrika blanda med elden og språket frå den ekspressive jazzen og den moderne vestlege noterte musikken sin utstrekte formsans.

Cloroform

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Med røter i jazz og med eit ynskje om å eksperimentera utover i eit elektronisk, punkete rockelandskap, let Cloroform som ingen andre band. Kontrabass, trommer og clavinet med full turbo og eit skyhøgt energinivå.

Arctic Ice Music Ensemble

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Terje Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar med erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.

Inger Hannisdal Ensemble

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

Mikrotonale melodiar og modal improvisasjon!

Jeppe Zeeberg and the Absolute Pinnacle of Human Achievement

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

Kvartetten The Absolute Pinnacle of Human Achievement er spesiallaga for framføring av Zeeberg sitt personlege og djupt eklektiske repertoar, som omfattar alt frå ragtime til fri impro og metal!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.