
Bare Egil Spellemannslag
Park Uttrågata 1-3, VossBare Egil Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar kring den humoristiske visekongen Egil Hegerberg.
Bare Egil Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar kring den humoristiske visekongen Egil Hegerberg.
Energisk og melodiøs frijazz på sitt beste!
Uansett kva konstellasjon Hanna Paulsberg opptrer i, sit ein att med kjensla av å ha vore vitne til ein sterk og kreativ musikar, med sterke band til norsk og internasjonal jazzhistorie.
Gnawa Youmala er ei Paris-basert gruppe som vart starta av Jaouad El Garouge og Redouane Raifak, som tidlegare spelte i den legendariske marokkanske gruppa Nass El Ghiwane.
Hein Westgaard Trio er eit musikalsk eksperimentarium der alt er lov: Jazz, country, rock, fri improvisasjon, klassisk-, samtids- og folkemusikk glir saman til ein heilskap der skillet mellom komposisjon og improvisasjon er flytande og elastisk.
Den ferske, Oslo-baserte jazzgruppa Kongle Trio er tufta på speleglede, musikalsk kjemi, melodisk improvisasjon og utradisjonelle låtstrukturar.
Terje Isungset markerer 20 år med is-musikk på Vossa Jazz 2020! Dette vert ei eineståande konsertoppleving, der Isungset tek med seg eit knippe fantastiske artistar som sjølv har erfaring og bakgrunn frå arktiske forhold.
Møt årets Tingingsverk-komponist! Kva hende på vegen frå Oppdal via Austin, Texas til Voss?
Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet og konsert med TOIVO til Mølstertunet.
Store og små er hjarteleg velkomne til å vera med, og du kan ta med instrument om du vil.
Atle Hansen er festivalforfattar på Falturiltu 2020
Morgonrode blandar tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk på ein rå, drivande og utforskande måte.
Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem TOIVO med musikk inspirert frå amerikansk sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt
I 1992 reiste Øyvind Skarbø på sin første korpstur nokon sinne. Til Voss. Dette sette så djupe spor, at han den dag i dag har sitt eige skulekorps, Skarbø Skulekorps.
Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar, skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.
I samarbeid med Voss Resort syter me for god jazzstemning på Hangurstoppen med spesialpris på gondolen heile laurdagen! Kr 245,- t/r
”Ei framsyning for minnebøkene”, vart det sagt, då Ine Hoem og Erlend Skomsvoll med orkester hylla 70-årsjubilanten og forfattargiganten Edvard Hoem med eit utseld bestillingsverk for Moldejazz 2019.
Siril Malmedal Hauge er ein særs spanande og allsidig jazzvokalist med sterke røter i jazztradisjonen.
Musikken på tredjealbumet til Espen Berg Trio, Free to play, er tydeleg influert av amerikansk jazztradisjon, blanda med nordiske klangar og stor eksperimentvilje frå Berg, bassist Bárður Reinert Poulsen og Simon O. Albertsen.
Take my mother home er ei meditativ og spirituell konsertoppleving der nyskrivne tekstar av forfattar Hanne Ørstavik møter Kristin Asbjørnsen sine tolkingar av spirituals, tonesatt av gitarist Olav Torget.
Ingegrigt Håker Flaten skriv Tingingsverket til Vossa Jazz 2020!
Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Helge Nordbakken kjem tilbake med Tingingsverket Sagn, nesten på dagen 30 år etter urframføringa i 1990!