Vikla inn i blått
Gamlekinoen Uttrågata 9, VossKonsertframsyninga "Vikla inn i blått" – der eit utval av landets beste skodespelarar og musikarar framfører Bob Dylan-låter, gjendikta på nynorsk av Tom Roger Aadland – kjem til Vossa Jazz!
Konsertframsyninga "Vikla inn i blått" – der eit utval av landets beste skodespelarar og musikarar framfører Bob Dylan-låter, gjendikta på nynorsk av Tom Roger Aadland – kjem til Vossa Jazz!
Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Thomas Strønen kjem endeleg tilbake med Tingingsverket Sagn!
Den som får sjå sola danse på påskemorgon kan ynskja seg noko! Påskemåne Ønskesol er ei leiken og vakker familieframsyning – perfekt for besteforeldre som vil ta med borneborn i alderen 4-10 på noko kjekt!
Med sine rå, emosjonelle framføringar, kraftfulle stemme og saumlause miks av folk, rock og jazz har kanadiaren fått eit utal trufaste tilhengjarar blant musikkelskarar over heile verda.
Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar.
Ane Brun feirar 20-årsjubileum som artist på Vossa Jazz!
Vossa Jazz feirar framleis sine 50 år i år, og 19.desember blir det konsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive i Vangskyrkja.
Det vert igjen Jolajazz på Park Hotel Vossevangen 5. joledag! – Den perfekte blandinga av god musikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola.
Resjemheia er skildra som “eit musikalsk overgangsparti, frå bluesbyens rike til folkemusikkens kongedømme – ein higway frå elgitar til hardingfele." Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
“I.P.A. får jazzhistorien til å blomstre i møte med moderne teft.» - Arild. R. Andersen, Aftenposten. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
Studentane ved Jazzlinja i Trondheim utgjer TELL US, kjem til Voss med ungdommeleg pågangsmot og unike improvisasjonar.
Gamle dansar og viser vert som nye når Strengjarhaugen spelemannslag tek tradisjonmusikken inn i ei ny tid!