Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Ingrid Jasmin

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

Ingrid Jasmin vakte oppsikt med debutsingelen 'Pilgrim' i 2021. Dette var noko utanom det vanlege på den norske musikkscena: Ei elektro-akustisk blanding av norsk folkemusikk og flamenco, med nydeleg, eigenarta stemme og ein dose pop-sensibilitet!

Bushman`s Revenge

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Jazz for dei som likar jazz og elskar rock!

Angrusori

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Ved roret av Angrusori finn me multi-prisvinnande samtidskomponist og organist Nils Henrik Asheim, som i tospann med den tsjekkiske fiolinisten, songaren og komponisten Iva Bittová har rekomponert og omarbeida romsonger i retning samtidsmusikk og improvisasjon.

Hannah Storm

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Med tidlaus og ektefølt poppa indierock av beste merke ligg vegen til stjernehimmelen vid open for Hannah Storm – og heldigvis går turen innom Vossa Jazz i vår!

Trichotomy

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

Den banebrytande jazztrioen har utvikla eit unikt sound saman, bygd på fritt og leikent samspel, sofistikerte, melodiske detaljar og tematiske krumspring.

Sondre Lerche

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Sondre Lerche kjem til Vossa Jazz 2023!

Meditasjonskonsert med Berit Opheim

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

Velkomen til ein stille konsert med ro og nærvær, meditativ musikk, improvisasjonar og konkrete songar,

Jazznytt 18

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

Velkomen til jubileumsprat med Trude Storheim og Lars Mossefinn.

Eldrejazz: Påskemåne Ønskesol

Trudvang Hardangervegen 2507, Granvin

Den som får sjå sola danse på påskemorgon kan ynskja seg noko! Påskemåne Ønskesol er ei leiken og vakker familieframsyning – perfekt for besteforeldre som vil ta med borneborn i alderen 4-10 på noko kjekt!

Kjærgaard / Bruun/ Westergaard Trio

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Søren Kjærgaard, Jonas Westergaard og Peter Bruun har vore toneangjevande stemmer på den danske og europeiske moderne jazz- og improvisasjonsscena dei siste tiåra.

Badnajazz: Tora Augestad, Vårvill

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Vossa Jazz og Senja Barnefestival held fram samarbeidet med å realisera fleire bestillingsverk med kvalitetsmusikk for born!

Significant Time: Vossastubbar

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

I «Vossastubbar» byr Significant Time på overmot, energi, vitalitet, varme og folkeleg foreining. Slik gjenspegler dei stemninga i «Vossastubbar» av vår eigen Per Sivle, diktsamlinga frå seint 1800-tal som friskt og inderleg herjar med folkeleg tenke- og væremåte på gjenkjennelig og humoristisk vis.