Høgt over Voss, og side om side med jazzvindane, susar gondolane opp mot Hanguren. Høyrer du godt etter, vil du kunne ana tonar frå lufta. Jazzlinja ved NTNU tek nemleg med seg både instrument og eineståande stemning, når dei skal spela intimkonsertar i gondolane.
Kjøper du ein jazzbillett til gondolane får du vera med både opp og ned, eller så kan du jo kombinera det med ein skitur? Mogelegheitene er mange, men det som er sikkert er at utsikta vert upåklageleg, og at dette vert ei oppleving utanom det vanlege!
TELL US
Studentane ved Jazzlinja i Trondheim utgjer TELL US, som kjem til Voss med ungdommeleg pågangsmot og unike improvisasjonar. Dei lovar improvisasjonsbasert musikk med tunge riff med favorittakkordar, kjenslevare balladar – og kanskje til og med ein heilt vanleg swing beat!
Billett kan kjøpast på Voss Resort sine nettsider her: under val: kjøp gondolbillett. Legg inn promokode: VossaJazz24
Pris: 170,- t/r
Medverkande:
Ida Malmedal Hauge – vokal
Alicia Panambi Cubas Tapia – vokal
Hannah Furberg – vokal
Amelia Gómez Snerte – vokal
Mikkel Dahl Amundsen – trompet
Åsne Fossmark – saksofon
Børge Brustad – fiolin
Selma Tudor Edwards Granly – cello
Isak Hungnes – piano/synth
Sondre Moshagen – piano/synth
Skage Larsen – vibrafon
Johannes Lykkås – bass
Kertu Aer – bass
Tarald Kongshaug – bass
Jørgen Fiske – trommer/perkusjon
Elias Baadsvik – trommer/perkusjon
English
Alongside the jazz winds blowing across Voss, the cable cars are gliding towards Hanguren. If you listen closely, you’ll be able to hear the tones as they float through the air. High above Voss, the jazz students from NTNU will be playing intimate concerts in the moving cable cars, as people go up and down the mountain.
By buying a jazz ticket, you’ll be able to go by cable car both up and down, or maybe even combine it with a ski trip or a hike? The possibilities are many, and no matter how you go about it, you’ll have an experience to be remembered, with the most astonishing view!