Lastar Hendingar

Martha Wainwright – Love Will Be Reborn

  • Denne hending er over.
sundag 2. april

Kl 17:00

Med ei karriere som strekker seg over to tiår har Martha Wainwright etablert seg som ein av dei mest fengande og talentfulle songar-låtskrivarane i sin generasjon. Med rå, emosjonelle framføringar, kraftfull stemme og saumlaus miks av folk, rock og jazz har kanadiaren fått eit utal trufaste tilhengjarar blant musikkelskarar over heile verda.

I 2021 kom det etterlengta ny musikk frå Wainwright, i form av albumet Love Will Be Reborn. Både meldarar og publikum har lagt sin elsk på plata, og fleire meiner at dette er det beste ho har laga sidan den sjølvtitulerte debuten i 2005.

I 2022 gav ho ut sjølvbiografien «Stories I Might regret Telling You» – ei inderleg bok om det å vekse opp i ein musikalsk og bohemsk familie, og om hennar erfaringar med kjærleik, tap, det å verta mor, skilsmisse og musikkindustrien – anbefalast!

Me gler oss stort til å oppleva Wainwright sin musikalske råskap og djupn i Vangskyrkja under Vossa Jazz 2023!

Martha Wainwright – vokal, piano

 

English:
With her raw, emotional performances, powerful voice, and seamless mix of folk, rock, and jazz, Martha Wainwright has gained a loyal following among music lovers around the world.

In 2021, she released the highly anticipated album «Love Will Be Reborn», which has received praise from critics and fans alike, with many calling it her best work since her self-titled debut in 2005.

In 2022, the Canadian artist published her memoirs: «Stories I Might Regret Telling You» – an intimate book about growing up in a musical and bohemian family, and her experiences with love, loss, motherhood, divorce, and the music industry – highly recommended!

We look forward to experiencing Wainwright’s musical rawness and depth at Vangskyrkja during the Vossa Jazz festival in 2023!