Lastar Hendingar
Arild Andersen, foto Kai Hansen

Sagn

  • Denne hending er over.
sundag 2. april

Kl 15:15

Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Thomas Strønen kjem endeleg tilbake med Tingingsverket Sagn! Gjenforeninga vart avlyst grunna sjukdom i 2021, men no kjem dei sterkt tilbake!
Om ein skal rangera alle Vossa Jazz sine Tingingsverk etter musikalsk kvalitet, nyskaping og omfang på presseomtalar er Sagn av Arild Andersen frå 1990 eitt av dei som absolutt fortener pallplassering. Dette var eit nybrottsarbeid i skjæringspunktet mellom jazz og norsk folkemusikk – Sagn har vorte ståande som definerande innanfor denne hybridsjangeren.
Ei slik sjangerblanding står ofte i fare for å falle i ei av to grøfter: Enten vert det «oppjazza folkemusikk», eller «jazz i folkemusikkdrakt». Med Sagn viste Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg og dei framifrå musikarane i bandet at det finst ein tredje veg, som krev musikalsk balansekunst på høgt nivå, og er desto meir fruktbar.
Arild Andersen fekk stor respekt for folkemusikken etter å ha høyrd Bråten Berg syngja. Då han komponerte låtmaterialet til Sagn, ville han at musikken skulle retta seg etter folketonane, og ikkje omvendt, som han forklarte i eit intervju i 1990:

Jeg hadde veldig lyst til å beholde folkemusikken helt sånn som Kirsten synger det, og bare improvisere på den stemningen som denne musikken gav. Ikke nødvendigvis på skalaen engang, men bare på den stemningen, og da hentet jeg fram dette fra frijazzen. Det å bare kunne ta en liten lyd å improvisere på, fikk jeg på en måte bruk for igjen. Jeg tenkte et sånn veldig lite rom hvor folkemusikken eksisterer, men hvor man får lov til å søke rundt i hjørnene innenfor den ramma med å improvisere. Og det ble etter hvert det som blei viktig for meg når jeg jobba videre med Kirsten, ikke å lage å lage jazzmusikk ut av folkemusikken.

Sagn vart ein stor suksess – både den bejubla konserten på Vossa Jazz og den kritikarroste plateinnspelinga av verket, som kom ut på Kirkelig Kulturverksted og ECM året etter.

Medverkande:
Arild Andersen – bass
Kirsten Bråten Berg – vokal
Bendik Hofseth – saksofon
Frode Alnæs – gitar
Bugge Wesseltoft – piano, tangentar
Thomas Strønen – trommer, perkusjon

English:
If one were to rank all the Main Commisioned Works [Tingingsverk] of Vossa Jazz according to quality, creativity, musical importance and positive mentions in the press, Sagn from 1990 by Arild Andersen would definitely belong somewhere on the podium. This work showed that it is possible to blend traditional folk music with jazz in a way that transcends the more typical «jazzed up folk music» or «jazz music with folk instrumentation». Andersen and the group of amazing musicians used tools from improvisational jazz to explore the musical landscape of traditional Scandinavian folk music in a way that has proved hugely influental on later experiments in the same genres.
We are very pleased to be able to hear Sagn once again at Vossa Jazz, with the same great musicians, almost exactly 30 years after the premiere!