Lastar Hendingar

JolaJazz

  • Denne hending er over.
fredag 29. desember

Kl 21:00

Endeleg!

Det vert Jolajazz på ny på Park Hotel Vossevangen 5. joledag!  Den perfekte blandinga av god musikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola.

Frå kl. 21.00 kan du oppleva:

Smular er også Brød

Treverket

Swinging strings

DJ Finborud

 

Smular er også Brød:

Dette er ein trio som lærte i ung alder å jobba hardt for likestilling og inkludering i trioen; alle tre skal få sepla like mykje og like lenge, eller so må dei gå heim. Musikken kjem utifrå timelang og metodisk tevling med småsoldatar etter cowboyfilmar på fjernsyn som trioen ser ilag kvar laurdag når dei kjem inn att frå å ha vore ute heile dagen. Gaute Ullestad Moen har skrive ny musikk til trioen som veit å alltid eta opp maten sin. 

Gaute Ullestad Moen – trommer, munnharpe // Simen Walle – gitar // Arne Toivo Fjose – kontrabass

Treverket:

Treverket består av ein bukett med kreative musikarar som kjrm ut fra jazzmiljøet i Bergen. Musikken har sine røter i den nordiske jazztradisjonen, men lånar referansar frå både country, bluegrass, poprock og friimprovisasjon. Resultatet er fengande, melodisk og utforskande septettjazz; det er smektande americana og Hawaii-stemning, islett av både country og afrobeat.

Mathias Marstrander – gitar, pedal steel, komposisjonar // Martin Hjetland – trommer, komposisjonar // Øystein Høynes – bass // Gard Hvammen – piano, synth // Andreas Hatzikiriakidis – trompet // Jonas Flemsæter Hamre – saksofonar // Aksel Røed – saksofonar

Swinging strings:

Swinging strings er husbandet som har skapt uforgløymelege opplevingar ved linjehop-arrangementa på gamle kinoen. Med ein lett og swingande stil fører dei oss tilbake i tid ved å spele klassiske jazzlåtar og andre kjende melodiar. Musikken deira er som eit magisk teppe av tonar som inviterer alle til å danse. Det er vanskeleg å ikkje la seg rive med av deira musikalske sjarm og energi.

Mari Bryn – vokal // Asgeir Skauge – gitar // Åsmund Weltzien – piano // Bjørnar K. Tveite – bass // Jaran Lienig – trommer

DJ Finborud:

Tradisjonen tru skal våre eigen Lars Finborud snurra plater til dansesvoltne jolajazzarar utover natta. Han lovar å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe til vårt glade publikum. Det brukar vera så god fot at støpselet må trekkast ut for å stoppa dansen…

OBS! Ungdom frå 18 t.o.m. 25 år får kjøpa billett til halv pris!

Dersom du ynskjer tre-retters middagspakke for 695kr, får du Jolajazzbillett til kr 450. Dette kjøper du direkte hjå Park, tlf. 56 53 10 00 / e-post resepsjon@parkvoss.no