Lastar Hendingar

Jubileumskonsert med Reiersrud/Kleive

  • Denne hending er over.
tysdag 19. desember

Kl 17:00

Det legendariske radarparet Iver Kleive (orgel) og Knut Reiersrud (gitarer og oud) treng knapt nokon nærare presentasjon. I snart 30 år har dei jamleg spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokale rundt om i Noreg. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut tilført ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.

Mange hugsar deira utgiving «Blå Koral», «Himmelskip» og «Nåde over Nåde» som vakre bautaer over møtet mellom europeisk kyrkjemusikk og afroamerikansk rytmikk og tonekjensle. «Natt i desember» (KKV 2018) er juleversjonen: Meiningstunge, stemningsskapande versjonar av velkjende julesongar. På repertoaret står mellom anna «Kling no klokka», «Deilig er jorden» og «Jeg synger julekvad.» Den nyskrivne «Minne om en svunnen jul» av Iver Kleive, og ein jiddisk folkemelodi med tittel «Desember i Praha» har óg fått plass.

Dørene åpner : 16:30

Konsertstart: 17:00

Varigheit : 75 min

Medverkande:
Iver Kleive – orgel og flygel
Knut Reiersrud – gitar og oud

Billettpris: 300kr