Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Griegakademiet

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

Innovasjon, energi og speleglede er stikkord når Jazzlinja på Griegakademiet i Bergen inviterer til konsert i foajeen i Gamlekinoen!

Air Play

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Som dei sjølv seier: Air Play er fellesskap, samspel, improvisasjon, klang og magi i melodi - i felles rytmikk og uttrykk. Det er berre å gle seg.

kr 290

Superjazz: SuperLydvo med Supergruppo

Scandic Voss Evangervegen 1a, Voss, Norway

Improvisasjon, dans og kanskje besøk av sjølvaste Elvis? Dette er berre toppen av det musikalske isfjellet som Supergruppo og SuperLYDvo byr på under årets Superjazz!

Badnajazz: Under Bakken

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

“Under Bakken” er slåande vakker, morosam og rar - ei musikalsk og visuell framsyning om det yrande og livsviktige universet som me har rett under føtene våre heile tida, i den mørke, brune jorda under bakken!

kr 160

Randi Pontoppidan -solo

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

Randi Pontoppidan er kjend for vokalarbeidet sitt, og kanskje spesielt for hennar eksperimentelle elektroniske livehandsaming av stemma. Ho har ein bakgrunn frå både jazz og klassisk song, og nyttar ei blanding av desse stilartane til å skapa musikk utanfor sjangerrammene. Ho skaper eit elektroakustisk lydunivers som ikkje liknar noko anna, og som dreg publikum med seg, kvar enn det bevegar seg. 

kr 250

Johan Hauknes i samtale med tingingsverkkomponist Hanna Paulsberg

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

Johan Hauknes, jazzskribent i salt peanuts* og jazzvitar, snakkar i ein times tid med Hanna Paulsberg om årets Tingingsverk. Ho vil seinare i kveld framføre sitt nyskrivne verk Do you want my job? Vi vil høyre kva hennar tanker omkring tingingsverket er, og kven den fiktive cowboyen som spør, er. Kanskje har òg tilveret som turnerande musikar nokre likskapstrekk med tilveret som cowboy på prærien?

BOI AKIH

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Duoen består av komponist og gitarist Niels Brouwer og vokalist Monika Akihary. Akihary er ein av Europa sine leiande vokalistar, og fekk Boy Edgar prisen i 2023, den fremste prisen for jazz og improvisert musikk i Nederland. 

kr 290

Susanne Lundeng solo

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

Med virtuost felespel og eit uttrykksfullt scenisk nærvær kjem Susanne Lundeng tilbake til Voss. Denne gongen som soloartist. Med seg i bagasjen har ho den nordnorske folkesjela.

kr 250

William Parker Trio «Mayan Space Station»

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

William Parker Trio “hentar like mykje frå hardrock og psykedelia, som frå blues- og jazztradisjonen”, ifølge All About Jazz. Dei skildrar trioen sitt album “Mayan Space Station” med eitt ord: Svidd.

kr 290

Vepsestikk

Tre Brør Café Vangsgata 28, Voss, Noreg

Vepsestikk kokar opp eit makelaust heksebrygg så potent at det får deg “til å bevega dansefoten i edru tilstand”, ifølgje Universitas. 

Shamania

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Blandar du jazz-orkester og musikkteater med nokre av dei sterkaste musikarane i Skandinavia, ja, då får du Marylin Mazur’s Shamania.

kr 390
Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.