“Sublimt, sanseleg og guddomleg”, Ivan Rod, Gaffa
Randi Pontoppidan er kjend for vokalarbeidet sitt, og kanskje spesielt for hennar eksperimentelle elektroniske livehandsaming av stemma. Ho har ein bakgrunn frå både jazz og klassisk song, og nyttar ei blanding av desse stilartane til å skapa musikk utanfor sjangerrammene. Ho skaper eit elektroakustisk lydunivers som ikkje liknar noko anna, og som dreg publikum med seg, kvar enn det bevegar seg.
Pontoppidan er internasjonalt anerkjend som komponist, vokalist og utøvar. I 2022 og 2021 vart albuma “Life in Life” og “Inner Lift” kåra til årets album på DMA-jazz, og i 2020 vart ho kåra til årets vokalist av Steppeulven.
Ho har arbeidd med mellom anna Greg Cohen, Jöelle Léandre, Thomas Agergaard, Marilyn Mazur, Peter Bruun, Simon Toldam, Morten Søndergaard og Jamaaladeen Tacuma – og opptredd på scener som Royal Albert Hall, Carnegie Hall og Schindlers fabrikk i Krakow.
Medverkande:
Randi Pontoppidan – vokal, elektronikk
English:
Randi Pontoppidan is known for her vocal work, especially for her experimental electronic live vocal work. Having worked both with jazz and classical song, she blends these styles together to create music that exists outside of musical norms. She creates an electro-acoustic universe like none other, and pulls the audience along wherever it moves to.
Pontoppidan is known internationally as a composer, vocalist and musician, and in 2022 and 2021, her albums “Life in Life” and “Inner Lift” were named album of the year at DMA-jazz.