Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today
Pågåande

Susanne Lundeng Trio

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

For fyrste gong syng Lundeng eigne tekstar, og opner slik for nok ei side ved sitt kunstnarskap. Musikken er nedtona, melankolsk, sår og stormfull – det finst ein harmonisk villskap i Lundeng som får publikum til å skjerpa sansane og leva seg djupt inn i den vakre toneverda hennar.

Kulturvandring – utseld

Vangen Vangsgata 28, Voss

Vandringa går frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet.

Undervegs vert det passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria. På Finnesloftet vert det omvising og konsert med Sudan Dudan, på Mølstertunet vert det omvising og kort foredrag om bryggetradisjonar - og smaksprøvar.

Badnajazzparade

Torget Vangsgata 28, Voss

Paraden går frå Torget, og i front finn du Paradebandet, Voss Skulemusikk, drilljentene og Badnajazzkoret.

Badnajazz: Forfattartreff med Marit O. Kaldhol

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Marit O. Kaldhol er festivalforfattar under Falturiltu 2019, men kjem først innom Vossa Jazz for å dele eit knippe av sine sterke og poetiske forteljingar med liten og stor.

Sudan Dudan – utseld

Finnesloftet Finnesvegen, Voss

Norsk folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal.

Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Erlend Apneseth Trio kjem til Vossa Jazz for å feire slepp av ny plate! Og på dette prosjektet har dei utvida besetninga med akkordeonisten Frode Haltli.

Badnajazz: Karl Seglem – Monsterjazz

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Saman med elevar frå Voss Kulturskule, Voss Skulemusikk og eit knippe heilproffe musikarar inviterer Karl Seglem til ei open og leikande utforsking av sitt særeigne og spanande klangunivers.

Bedehus og Hawaii

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

«Bedehus og Hawaii» vart til då den kritikarroste gitaristen og komponisten Trond Kallevåg Hansen fekk i oppdrag å laga bestillingsverk til Sildajazz 2018.

Martin Kohlstedt

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Etter eit utal utselde konsertar rundt i Europa, kjem endeleg den tyske pianisten og komponisten Martin Kohlstedt til Vossa Jazz.

Steinar Raknes Stillhouse

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Med prosjektet STILLHOUSE tar Steinar Raknes med seg jazzbakgrunnen sin inn i americana-sjangeren, der blues, country og roots er hovudingrediensane.

Hardanger Big Band med Nina Pedersen

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

«Roma møter Hardanger» - med Nina Pedersen sine komposisjonar, arrangert av Jens Wendelboe og framført saman med fantastiske Hardanger Big Band og italienske solistar.

Eldrejazz: John Pål Inderberg Trio

Velferdsentralen Miltzowsgate 2, Voss

Med ein fot i Nidelven og ein i den amerikanske «cool jazz’en», har saksofonist John Pål Inderberg funne ein unik plass i jazzverda.

Spacemusic Ensemble

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Spacemusic Ensemble består av ei rekkje fremadstormande musikarar frå band som Rohey og Megalodon Collective. På Vossa Jazz skal dei framføra det nye verket Spacemusic 2, som kombinerer akustisk og elektronisk lyd med tekst og stemme, og viser korleis improvisasjon og komposisjon kan berike kvarandre og gje plass til individuelle stemmer i musikken.

Frode Haltli Avant Folk

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Akkordeonvirtuosen Frode Haltli har samla ei rekkje framifrå solistar frå ulike generasjonar og sjangrar i den norske musikkverda for ei utforsking av grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.

Jakob Bro Quartet

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

Den danske gitaristen har befesta sin posisjon innan toppsjiktet i jazzverda med lyrisk, underfundig spel og innovative, drøymande komposisjonar,

AURORA

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss

Me er svært stolte over å presentera sjølvaste AURORA til Vossa Jazz 2019!

Mathias Eick

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Trompetist, komponist og bandleiar Mathias Eick har vore blant verdas største jazztalent sidan tidleg 2000-tal, og sjølvsagt òg ein Vossa Jazz-favoritt!

Lassen

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

LASSEN er ein leiken, energisk gjeng med mykje særpreg som treff jazzhjartar med vidunderleg, melodisk fokusert jazz og glimt i auga.

Real Ones med gjester

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss

I over to tiår har Real Ones imponert, fengja og overbevist på konsertscener og platespelarar i Noreg og internasjonalt.

Gourmet

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

Gourmet er ein sprelsk, leiken og mangslungen musikalsk-kulinarisk oppleving utanom det vanlege!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.