Voss Kulturhus

Vossa jazz (Foto: Runhild Heggem)

Å lage noko stort med masse smått

Klikk! Klikk, klikk! Har det klikka? Dei vaksne fjesa i salen kikkar litt usikkert mot klikka. Badnajazzarane derimot – dei skjønar greia; dei kikkar rett fram mot kashakasane og klikkertane

Les meir »
Vossa jazz (foto: Runhild Heggem)

Spinn kring runepinne

Det vart raskt stilt i rekkjene då ein stor kar med eit stort skjegg blæs dei første små tonane i ein liten saksofon, på biblioteket på Voss kulturhus i føremiddag.

Les meir »
Kjartan Fløgstad Band (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Fløgstads magiske jazzisme

Casanova, bossanova, jazzanova, vossanova!? Han såg jo ganske fjåg og forsiktig ut, der han liksom blyg gjekk inn på scena med det hattekledde jazzkompaniet sitt, og sette seg på sida. Men det var berre utanpå. På innsida banka ein magisk potpurri av fløgstadsk arbeidarjazz, spelmannsrytmar og intertekstuelle tvangsrim: Det går best det går vest det går nord og ned – takka faen for det!

Les meir »
Superjazz, Proffene og Supergruppa (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz)

Heilproff Superjazz

I år fekk Superjazzen storfint besøk frå Bergen: Proffene! Dei har helde det gåande i over 30 år, og røynsla dei har opparbeidd høyrde ein att i musikken på Kulturhuset

Les meir »

Med gud i monitor

Ta meg heim, song englane høgt der oppe over hyrdingflokken. Slik lyder herrens ord. Prost for kvelden, Hanne Ørstavik, mante oss framover og heimover, mot gjetaren Olav Torget, som trakterte

Les meir »

Opera for og av ungane!

Sidan haustferien har 5., 6. og 7. klasse ved Evanger skule hatt opera på hjernen. Ved hjelp av songpedagog i kulturskulen, Ingrid Langen Fjose, har elevane sett saman ein heil

Les meir »