Ein litterær salto mortale

Foto: Ådne Dyrnesli

Ho er ung, svært lovande og har eit brennande hjarte for det ho skriv om, og ikkje minst dei ho skriv for! Borna storkosa seg og det var ikkje få av dei i biblioteket laurdag formiddag. Lokalet var stappa med ivrige smårollingar og kanskje like ivrige og entusiastiske foreldre.

Ho las fyrste kapittel av boka Tonje Glimmerdal, som tek for seg Tonje sin noko strabasiøse skitur heime i Glimmerdalen. Parr les med ei god og sjarmerande innleving, latteren sit laust blant publikum og ho tek pausar av og til for å prate litt med borna og involvere dei i historia. Til slutt les ho litt frå eit av dei siste kapitla i boka. Når ho rundar av, verker det som om det eigentleg er stemning for å høyre meir, og det var ikkje berre blant dei minste.

Det vert med andre ord spanande å følgje med på Maria Parr i tida som kjem. Ho er å finne som festivalforfattar på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord i november 2015.

Her kan du lese meir om Maria Parr.

Del gjerne!