Spinn kring runepinne

Vossa jazz (foto: Runhild Heggem)
Vossa jazz (foto: Runhild Heggem)

Det vart raskt stilt i rekkjene då ein stor kar med eit stort skjegg blæs dei første små tonane i ein liten saksofon, på biblioteket på Voss kulturhus i føremiddag. Med store augo såg hundrevis av små andlet opp mot scena, der forfattar Aina Basso stod klar til å ta dei alle med seg attende i tid, til eit univers av birkebeinarar, blot, havjotnar og havfiske.

Aina Basso er ein forfattar som dei seinare åra har trollbunde både unge og vaksne lesarar med tankevekkande forteljingar lagde til fortida, om menneskeskjebnar som til no har hatt status som uviktige, og som dermed fort kunne ha forsvunne inn i historia. I dag fekk tilhøyrarane ein smakebit frå det som vonleg er hennar neste utgiving: ei novellesamling med utgangspunkt i  seksords-noveller funne på runepinnar frå mellomalderen. Innhylla i fortryllande tonar frå Trygve Seim og Frode Haltli, forsvann snart både tid og stad ut over Vangsvatnet.

Samarbeidet mellom Vossa jazz og den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu er litt av ei gåvepakke for dei som er interessert i jazz og litteratur, og ikkje minst: for dei som i framtida skal få fortsette å dyrke denne interessa.

Del gjerne!