Skulemusikantane som vende ryggen til trommene

Skarbø Skulekorps og Voss skulemusikk (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz)
Skarbø Skulekorps og Voss skulemusikk (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz)

Håpefulle borneauger og nypussa messinginstrument blenkjer om kapp i den mørke salen.

“I dag skal me ha ein roleg laurdag framfor TV-en”, seier trommisen i Skarbø Skulekorps før ein italiensk røyrleggjar dukker opp på skjermen over musikarane. Dei unge blåsarane blæs og tromissane trommar, medan røyrleggjaren hoppar og sprett etter myntar, i eit graskledd todimensjonalt landskap.

Dei spelar publikum gjennom ei ellevill biljakt, mellom høge bygnadar i ein storby i Uniten, før dei leier oss ut på ei roleg vandring i naturen (der den minste musikanten slår på den største tromma).

Så får dei tapre rauduniformerte skulemusikantane ei utfordring. Dei med tuba må halda den opp ned, dei med fløyter må byta om på hendene og dei som slår på ting må venda ryggen til det dei slår på. Men det er inga hindring for dei disiplinerte skulemusikantane, som framleis spelar betre enn dei fleste korps her til lands, og salen bryt ut i ein megastor applaus.

Del gjerne!