Å lage noko stort med masse smått

Vossa jazz (Foto: Runhild Heggem)
Vossa jazz (Foto: Runhild Heggem)

Klikk! Klikk, klikk! Har det klikka? Dei vaksne fjesa i salen kikkar litt usikkert mot klikka. Badnajazzarane derimot – dei skjønar greia; dei kikkar rett fram mot kashakasane og klikkertane som raskt tek til å danse mellom hendene på scena: No klikkar det heilt!

Kor mykje trengs det eigentleg for å lage ein jazzkonsert? Med framsyninga «Kashakas & Klikkerter» syner Per Jørgensen, Daiyen Jone Castro og Audun Humberset kor lite som skal til. Med enkle og lågmælte instrument; vassdunkar, drikkeflasker, pinnar, ghanesiske fruktsteinar og bjørgvinske klikkertar med buekorps-ekko spelte dei opp til ein rytmisk fest!

Så viss du høyrer det klikke utover dagen, og utover helga – då er det ikkje deg er noko gale med. Viss du høyrer det klikke, så er det enkelt: Då skal du berre hive deg på og klikke laus!

Del gjerne!