Opera for og av ungane!

DSC_0019

Sidan haustferien har 5., 6. og 7. klasse ved Evanger skule hatt opera på hjernen. Ved hjelp av songpedagog i kulturskulen, Ingrid Langen Fjose, har elevane sett saman ein heil opera som skal ha urframføring fredag 18. mars under Vossa Jazz. Alt frå musikk, libretto, kulissar og kostymer er skrudd saman i felleskap. Opplegget er basert på «Write an Opera», som Royal Opera House i London lanserte og som Fjose har sett seg godt inn i. Med seg har dei musikarane Gunn Berit Kleivedal (cello), Øystein Haga (fløyte) og Cato Flem (piano).

Førestilling 1: Voss kulturhus fredag 18. mars kl 13 – kun for skular
Førestilling 2: Voss kulturhus fredag 18. mars kl 16.30 – ope for alle

Billettar får du kjøpt på kulturhuset

Del gjerne!