«Oi oi oi!»: Strålande Badnajazz på laurdagen

Store og små jazzarar skein om kapp med vårsola under Badnajazz-programmet laurdag føremiddag.

Vêrgudane ser med nåde på Vossabygda og jazzsjangeren, tydelegvis! Elevar frå jazzlinja i Trondheim sparka igong den solfylte laurdagen med sprudlande humør, livleg improvisasjon og rytmisk leik i ein forrykande stuntkonsert på torget.

Deretter gjekk turen i bedageleg tempo mot Voss Kulturhus, med Badnajazzparaden. Badnajazz-generalane Olav Undeland og Anne-Siri Bauthus veit verkeleg å få fram song- og musikkgleda i born og unge! Drilljentene leidda an, med Paradebandet, Voss Skulemusikk og Badnajazzkoret hakk i hel. I kjølvatnet bak følgte ein hærskare musikkglade born, unge og vaksne!

Vel framme på Voss Kulturhus tok Badnajazz-festen innandørs, med forfattar Marit Kaldhol, som fascinerte dei unge, nysgjerrige og lyttande borna med dikt og forteljingar.

Deretter var turen komen til Karl Seglem sin Monsterjazz. Det vart skrekkblanda fryd hjå dei unge publikummarane då Seglem, bandet og kunstnar Gunvor Rasmussen mante fram ein vaskeekte drage med instrument, stemme og teikning/måleri. «Oi oi oi!» var omkvedet frå scena og salen, då Seglem fekk dei unge med inn i sitt lunefulle musikalske univers.

Del gjerne!