Med gud i monitor

Asbjørnsen/Ørstavik (Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)

Ta meg heim, song englane høgt der oppe over hyrdingflokken. Slik lyder herrens ord.

Prost for kvelden, Hanne Ørstavik, mante oss framover og heimover, mot gjetaren Olav Torget, som trakterte sin konting som ein saueflokk, før han synte oss englekoret. Eit englekor som besto av Kristin Asbjørnsen og ein loop-pedal, song om vogna me alle sit i, sving lågt, søte vogn.

Ta meg heim var det sagt. Me var komne langt for å oppleve dette, somme over elva Jordan, medan andre kom via serengeti eller nedover hangurslia. Somme hadde til og med kryssa både Hangursvidda og Vosso. Alle på søken etter heim, og heim kom me. På tross av at ingen av dei tilstadeværande heilt veit kva heim var i denne samanhengen. Amerikanarane skal ha det til at heim er der hjartet er, forkynte Ørstavik frå scenen, men heim i denne stunda var nok snarare Voss kulturhus. Me er komne til Voss er det sagt (1 kor: 20:02, 2021). Og til Voss er me komne.

Og gud sa: bli ljod, og det vart ljod. Ikkje ved gud, men ved ljoddesignar Asle Karstad. Og gud sa: bli ljos, og det vart ljos. Ikkje ved gud, men ved ljosdesignar Tor Ditlevsen.

Del gjerne!