Fløgstads magiske jazzisme

Kjartan Fløgstad Band (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Kjartan Fløgstad Band (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Casanova, bossanova, jazzanova, vossanova!? Han såg jo ganske fjåg og forsiktig ut, der han liksom blyg gjekk inn på scena med det hattekledde jazzkompaniet sitt, og sette seg på sida. Men det var berre utanpå. På innsida banka ein magisk potpurri av fløgstadsk arbeidarjazz, spelmannsrytmar og intertekstuelle tvangsrim: Det går best det går vest det går nord og ned – takka faen for det!

Jazzliner. Det har etter kvart blitt ein tradisjon å setje vektige forfattarar på vossajazzplakaten, og i år var det Kjartan Fløgstad Band som hadde teke riksvegen vestover. I salen satt godt vaksne og opplesne vossajazzarar og nikka gjenkjennande til versa diktarduoen Fløgstad og Stalsberg hadde stemt over eigen lest, over norsk kulturkanon og latinamerikansk kuriosa.

Fløgstad jazzverk. Gje meg raudvin, gje meg biff, la meg nyte, la meg syte, ikkje hit, men endå lenger, nærast spytta Fløgstad ut. Så var det brått slutt? Neida, han har lova seg attende, neste år, med tango vossavango!

Del gjerne!