
Eldrejazz: Snarvegen om Bauthus
Velferdsentralen Miltzowsgate 2, Voss, NoregTil eldrejazzen har Anders, Anne Siri og Olav sett saman eit variert program med kjende tradisjonssongar, amerikansk blues og klassiske stykke for song, gitarar og ukulele.
Til eldrejazzen har Anders, Anne Siri og Olav sett saman eit variert program med kjende tradisjonssongar, amerikansk blues og klassiske stykke for song, gitarar og ukulele.
I solokonsertane sine trekkjer Jeppe Zeeberg vekslar på ei lang rekkje sjangrar og stilartar, som vert blanda saman til ein høgst idiosynkratisk, fri og leiken heilskap, med like delar humor, alvor og virtuost spel.
Noregs jazzdronning Solveig Slettahjell kjem til Vossa Jazz!
I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I år tek Vossa Jazz den legendariske artisten heim til Vestlandet med ein stor hyllingskonsert!
Fotograf Magne J. Kalstad er nok mest kjend for jazz-folket som mangeårig leiar og nestleiar i styret til Vossa Jazz. Under festivalen presenterer han separatutstillinga «Gjenskinn» i Galleri 19.
Elevar frå reiselivslinja ved Voss gymnas vil i år vera vegvisarar og ta publikum med på ei spanande vandring frå Vangen til Mølstertunet.
Her kan du få innblikk i livet både på og bak scena frå fyrste festivalen i 1974 og fram til i dag.
Svak for funk? Ikkje gå glipp av denne!
– Om samhandling og samarbeid mellom friviligheit og profesjon i kulturlivet.
Greier HELLO WORLD! å koma den digitale utviklinga i møte gjennom jazz, leiken improvisasjon og ungdommeleg energi? Den som kjem får sjå!
Studentane i Nordisk master i folkemusikk 2021-2023 dannar bandet Timber. Med medlemmer frå Baskerland i sør til det nordlegaste Sverige utgjer gruppa ei interessant samansetting av menneske, instrument og erfaringar.
Stavangerkunstnaren er kjend for fargerike, abstrakte og dynamiske måleri og grafiske trykk. Musikk og rørsle er viktige referansar i arbeidet hennar, og ho går langt tilbake i tid for forklare kva rolle musikken spelar i kunsten hennar.