Lastar Hendingar

Fotoutstillinga «Gjenskinn», Magne J. Kalstad

  • Denne hending er over.
laurdag 25. mars

Kl 12:00

Magne Kalstad har «alltid» fotografert, og i dei seinare år med Morten Krogvold som mentor som har vore viktig for prosjektet som no vert vist på utstillinga.

Om bileta seier Krogvold:

Etter mange workshops og møter sendte Magne Kalstad et knippe bilder på Mail. Min første tanke var at noe av dette minner om den italienske surrealisten; maleren de Chirico. Og noen av de andre europeiske surrealistene i forrige århundre.

Imidlertid; Dette var bedriftslederen, jazzmannen og sort/hvitt fotografen Magne Kalstads nye fotografier. I farger! Se nøye på disse bildene- det er langt fra effekter – det er små historier skapt i et drømmeaktig bildespråk med utsøkt håndverk.

Om prosjektet seier Kalstad sjølv:

Bileta mine er ikkje berre tradisjonelle og optisk nøyaktige attgjevingar av motiva. Graden av abstraksjon i bilda mine varierer mykje, frå heilt abstrakte former og lys til malerisk attgjeving av motivet. Etter kvart er dette utvikla til min form for fotografi.

Nokre har sagt at dei dei ikkje oppfatta bileta som fotografi, men nærmast som måleri. Nokre lurer på om det er digitalt manipulerte fotografi. Det er det ikkje. Dei som har sett bileta har opplevd å sjå forskjellige verkelegheiter. Bileta vert soleis ikkje nødvendigvis opplevd som verkelegheita, men som gjenskin av den. Slik oppstod prosjektnamnet «Gjenskinn». Ved å lage bileta på denne måten ønsker eg å gjere det mogeleg for tilskodaren å ha si helt eiga oppleving av motivet.

Å sette tittel på bilete er vanskeleg. Eg  har prøvd meg på norsk og på engelsk. Ofte har eg følt at tittelen berre blei en floskel. Så for dette prosjektet har eg bestemt meg for at bileta skal ha same tittel som prosjektet berre med eit nummer etter. Første bilete i prosjektet er då «Gjenskinn nr. 1».

 

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag.

Opningstider:

Måndag 27. – torsdag 30. mars 14.00 – 17.00
Fredag 31. mars 14.00 – 16.00
Laurdag 1. april 11.00 – 15.00
Sundag 2. april 12.00 – 15.00
Laurdag 8. april 11.00 – 14.00
Torsdag 13. april 14.00 – 17.00
Fredag 14. april 14.00 – 17.00
Laurdag 15. april 11.00 – 14.00