Lastar Hendingar

Jubileumsutstilling: 50 år med Vossa Jazz

  • Denne hending er over.
torsdag 30. mars

Kl 17:00

30. mars opnar jubileumsutstillinga 50 år med Vossa Jazz. Her kan du få innblikk i livet både på og bak scena frå fyrste festivalen i 1974 og fram til i dag. Korleis starta det heile? Kva var viktige milepelar? Kva har festivalen betydd for Voss og finn me ein suksessfaktor bak den vitale 50 åringen? Det vert gjensyn med plakatar av ulike festivalkunstnarar og gjenhøyr med tingingsverka, mellom anna.

 

Nils T. Bjørke opnar utstillinga torsdag 30. mars kl. 17.00.

Utstillingsopninga er gratis. Utstillinga er seinare gratis for gjester med festivalpass og dagskort pluss medarbeidarar og musikarar på festivalen.

Opningstider: 12.00 – 17.00

Velkomen til jubileumsutstilling!

 

Heimesida til museet: https://vossfolkemuseum.no/molstertunet/