This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Philip Lassiter
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
Den mangfaldige multiinstrumentalisten Philip Lassiter har vore knedjupt nede i funken heilt sidan tida som trompetspelar og hornarrangør i Prince sitt «New Power Generation»-backingband!
Det er ikkje berre Prince som har sett verdien av Lassiter: For mange artistar, frå Kirk Franklin til Ariana Grande, frå Jill Scott til Al Jarreau og frå The Isley Brothers til Queen Latifah, er Philip Lassiter mannen å gå til for trompet-speling og blåsararrangement.
Lassiter har røter i Texas-funk, Alabama-gospel, New Orleans-jazz og Nashville-soul, og har opptredd på nokre av dei største festivalane i verda, som Essence Festival og Montreux Jazz Festival. Han har vunne elleve Grammy-prisar gjennom karriera, og han har spelt på TV-program som Arsenio Hall, Jimmy Kimmel og Jimmy Fallon.
Med sisteplata Live in Love kombinerer trompetisten sosiopolitiske bodskap med humoristiske, jordnære forteljingar og utflukter til gamal P-funk. Albumet er ein triumf av djupe grooves og sjelfull klang, med sjølvsikre blåsarar og sjelvrengande vokalprestasjonar frå ei rekke spanande vokalistar.
Svak for funk? Ikkje gå glipp av denne!
Medverkande:
Philip Lassiter – trompet, keyboard
Niek De Bruijn – trommer
Glenn Gaddum – bass
Richie Reichgelt – gitar
Jordy Kalfsvel – keyboard
Kris Rietveld – vokal