Lastar Hendingar

Festivalkunstnar 2023: Ingrid Haukelidsæter

  • Denne hending er over.
fredag 31. mars

Kl 16:30

Stavangerkunstnaren er kjend for fargerike, abstrakte og dynamiske måleri og grafiske trykk. Musikk og rørsle er viktige referansar i arbeidet hennar, og ho går langt tilbake i tid for forklare kva rolle musikken spelar i kunsten hennar:

 – Då eg gjekk på Kunstskolen i Rogaland hadde eg målaren Terry Nilssen-Love som lærar, far til jazztrommeslagaren. Han var oppteken av eksperimentell musikk, og gav oss i oppgåve å teikna ei visuell framstilling av musikkstykket «Poème électronique» av Edgard Varèse. Det var ein slags døropnar for meg: Eg høyrde at lydane hadde ulike klangar, former og retningar – at det var rørsle der. Sjølv om eg sjeldan jobbar så konkret med musikk no til dags, er det på ein måte desse tinga eg har jobba med sidan, seier Haukelidsæter.

 Til Vossa Jazz-plakaten har ho valt eit fritt, ope og leikent måleri, som ho føler har noko av jazzen sin fridom og improvisasjon i seg. Biletet har ikkje fått tittel, og Haukelidsæter innrømmer at ho ofte slit med å namngje bileta sine:

 – Biletet er todimensjonalt og står stille, men utfordringen er å laga rom og rørsle der. Eg opplev at biletkunsten er nærmare musikken enn orda, og eg likar ikkje å gje bileta mine titlar. Folk ser ulike ting i bileta mine, så eg vil helst ikkje «låse» biletet med ord. Eg likar opne titlar som gir rom for tolkning, og ofte finn eg slike i musikken, seier kunstnaren.

 Kunstnaren har allereie vore på Voss for å sjå på utstillingslokalet, og ho er i gang med arbeidet med å finna bilete som «snakkar samman», og som speler på lag med rommet dei skal henge i.

 

Leiar i familie- og kulturkomiteen, Grunde Almeland, opnar utstillinga fredag 31. mars kl. 16.30.

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag.

 

 

 

Opningstider:

Fredag 31. mars 16.30 –
Laurdag 1. april 10.00 – 16.00
Sundag 2. april 12.00 – 16.00
Måndag 3. – onsdag 5. april 12.00 – 17.00
Laurdag 8. april 10.00 – 14.00
Tysdag 11. – fredag 14. april 10.00 – 17.00
Fredag 14. april 10.00 – 17.00
Laurdag 15. april 10.00 – 15.00
Måndag 17. – onsdag 19. april 12.00 – 17.00
Torsdag 20. april 12.00 – 20.00
Fredag 21. april 12.00 – 17.00
Laurdag 22. april 10.00 – 14.00