Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Eldrejazz: Påskemåne Ønskesol

Velferdsentralen Miltzowsgate 2, Voss, Noreg

Den som får sjå sola danse på påskemorgon kan ynskja seg noko! Påskemåne Ønskesol er ei leiken og vakker familieframsyning – perfekt for besteforeldre som vil ta med borneborn i alderen 4-10 på noko kjekt!

Martha Wainwright – Love Will Be Reborn

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss

Med sine rå, emosjonelle framføringar, kraftfulle stemme og saumlause miks av folk, rock og jazz har kanadiaren fått eit utal trufaste tilhengjarar blant musikkelskarar over heile verda.

Sigrid Moldestad

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar.

Ane Brun

Voss idrettshall Idrottsvegen 13, Voss, Norway

Ane Brun feirar 20-årsjubileum som artist på Vossa Jazz!

Jubileumskonsert med Reiersrud/Kleive

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss

Vossa Jazz feirar framleis sine 50 år i år, og 19.desember blir det konsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive i Vangskyrkja.

kr 300

JolaJazz

Park Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Det vert igjen Jolajazz på Park Hotel Vossevangen 5. joledag! – Den perfekte blandinga av god musikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola.

kr 520

Resjemheia

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Resjemheia er skildra som “eit musikalsk overgangsparti, frå bluesbyens rike til folkemusikkens kongedømme – ein higway frå elgitar til hardingfele." Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

I.P.A.

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

“I.P.A. får jazzhistorien til å blomstre i møte med moderne teft.» - Arild. R. Andersen, Aftenposten. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Jazzlinja i Trondheim i Gondolane

Gondolane

Høgt over Voss, og side om side med jazzvindane, susar gondolane opp mot Hanguren. Høyrer du godt etter, vil du kunne ana tonar frå lufta. Jazzlinja ved NTNU tek nemleg med seg både instrument og eineståande stemning, når dei skal spela intimkonsertar i gondolane.