Søren Kjærgaard, Jonas Westergaard og Peter Bruun har vore toneangjevande stemmer på den danske og europeiske moderne jazz- og improvisasjonsscena dei siste tiåra.
Trioen vart danna i 1999 i studietida på Rytmisk Musikkonservatorium i København, der dei byrja utforskinga av spenningsfeltet mellom komplekse kompositoriske strukturar, polyrytmiske lag og open improvisasjon. Dei utmerka seg tidleg.
Trioen er ei form for kollektivt prosjekt som dei tre medlemmene byter på å komponera til: I 2021 gav dei ut «Positioner/Positions» der musikken var laga av Westergaard, i februar 2023 kjem «Thésauros» med komposisjonar av Bruun, og i næraste framtid kjem eit album med Kjærgaards musikk, som kruna på trilogien.
Dei tre musikarane jobbar kontinuerleg med å utvikla sitt eige musikalske språk med friske perspektiv på rytmiske strukturar, kompositorisk form og strategiar for improvisasjon. Dei utmerkar seg i korleis dei bearbeider det musikalske materialet saman, på ein måte som opnar for kroppsleg forståing av musikalske konsept, og der klangar og tonar får utfalda seg i eit opent, intuitivt spelefelt!
Medverkande:
Søren Kjærgaard – piano
Jonas Westergaard – bass
Peter Bruun – trommer
English:
This Danish trio was formed in 1999 while all the musicians where studying together at the renowned Rytmisk Musikkonservatorium in Copenhagen, where they started exploring complex compository structures, polyrythmic layers and open improvisation. The three musicians work continously with developing their own individual expressions and musical language as a group.