This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Badnajazz: Tora Augestad, Vårill
sundag 2. april
Kl 13:00
Vossa Jazz og Senja Barnefestival held fram samarbeidet med å realisera fleire bestillingsverk med kvalitetsmusikk for born!
Tidligere har Hekla Stålstrenga fått oppdraget, som ga oss den fantastiske konserten og plata «Skravla Gård».
I år er det Tora Augestad som har skrive musikk til utvalde tekstar av Ruth Lillegraven, hovudsakleg frå barnediktsamlinga «Eg er eg er eg er» frå 2016. «Til verda» vart urframført på Senja Barnefestival sommaren 2022, og no kjem dei til Vossa Jazz!
Med seg har ho dei flotte musikarane Trygve Seim, Pål Hausken, Frank Hovland og Espen Leite. Augestad har òg samarbeidd med kunstnar og fotograf Marie Sjøvold om det visuelle.
På Vossa Jazz skal solistar frå Voss kulturskule under leiing av Ingrid Langen Fjose bidra på scena.
Medverkande:
Tora Augestad – vokal
Trygve Seim – saksofon
Pål Hausken – trommer, perkusjon
Frank Hovland – bass
Espen Leite – akkordion
Solistar frå Voss kulturskule
Bestillingsverket er støtta av Norsk kulturråd og Det norske komponistfond.