Lastar Hendingar
Foto Erik Berg, Det Norske Teatret

Vikla inn i blått

  • Denne hending er over.
sundag 2. april

Kl 13:30

Konsertframsyninga «Vikla inn i blått» – der eit utval av landets beste skodespelarar og musikarar framfører Bob Dylan-låtar, gjendikta på nynorsk av Tom Roger Aadland – kjem til Vossa Jazz!

Bob Dylan er musikaren og poeten som kanskje meir enn nokon andre har påverka rockemusikken.

Til denne teaterkonserten har Det Norske Teatrets nye husregissør, Eirik Stubø, fått med seg jazzbandet til broren, Håvard Stubø, for å finne nye sider ved ein av vår tids største poetar. Artist og Dylan-entusiast Tom Roger Aadland har omsett songar som aldri har vore framførte på norsk tidlegare. Her vert det både ikoniske hits og mindre kjende songar henta frå nesten heile Dylans karriere; frå andrealbumet The Freewhelin´ Bob Dylan (1963) til den siste utgjevinga hans, Rough and Rowdy Ways (2020).

På scenen står eit songsterkt skodespelarlag klar til å levera sine tolkingar av songane til ein av musikkens og litteraturens meir mangesidige kunstnarar, med backing frå eit knippe framifrå musikarar.

«En Dylan-konsert for historiebøkene» skreiv Dagsavisen og trilla terningkast 6, og Aftenposten kalla konsertframsyninga «dirrende intens»!

Satt opp av Det Norske Teatret, regi av Eirik Stubø.

Les meir om konsertframsyninga «Vikla inn i blått» her.

Medverkande;
Skodespelarar:
Heidi Gjermundsen Broch
Ina Svenningdal
Paul-Ottar Haga
Morten Svartveit
Gjertrud Jynge
Ingrid Jørgensen Dragland

Musikarar:
David Wallumrød
Erik Nylander
Håvard Stubø
Espen Reinertsen